Wairoa-elva (engelsk Wairoa River eller The Northern Wairoa River) er den lengste elva i Northland på New Zealand. Ho renn 150 km gjennom den nordlege delen av Northlandhalvøya.
I det øvre partiet vert elva danna av to separate elver, Manganuielva og - noko forvirrande - Wairuaelva. Desse to elvene renn saman nordaust for Dargaville og dannar Wairoa.
Elva renn herfrå først sørvest til Dargaville, så søraust i 40 km, inn i eit vidt, seglbart estuar som renn ut i den nordlege enden av Kaipara Harbour.