Omgrepet Wadi Hauran vert òg stundom nytta om eit større geografisk område som omfattar sjølve wadien og kringliggande åsar, i tillegg til små sidewadiar.
Dalen har bratte sider og ei djupne mellom 150 og 200 meter og er den djupaste dalen i Irak. Sjølv om det vanlegvis er tørt her, ligg det oasar aust i dalen, og i regntida renn det vatn gjennom dalen.
Landskapet i denne delen av Irak er bølgjande og aude. Wadien går frå nær grensa til Jordan og austover gjennom den irakiske ørkenen til han møter Eufrat nær byen Alaleya.[3] Wadien samlar vatn frå eit område som omfattar det meste av Anbar-provinsen.[4] Høgda hans er rundt 83 meter over havet.[5]
Wadi Hauran har ein gong vore ei elv, men tørka ut etter den siste istida. Wadien gjev gode beitemarker for beduinar og kveget deira.
Plantelivet i Wadi Hauran består stort sett av ørken- og halvørkenplanter.[6]
Innbyggjarar
Den største busetnaden i Wadi Hauran er Ar-Rutbah, som er administrasjonsstad for Ar-Rutba-distriktet. Namnet tyder «vått land» på arabisk, fordi årsnedbørsnormalen er 114,3 mm. Folketalet er noko over 20 000 som livnærer seg av jordbruk og småindustri.[7]
Wadien har tre dammar som samlar regnvatn for beitande sauer og kamelar om sommaren. Desse er Hussayniyah-dammen som vart bygd i 1990-åra,[6] Rutba-dammen,[8] og Hauran-dammen.
Historie
Wadien vart nemnt av Yaqut al-Hamawi[9] og kanskje av Al Tabari[10] og har tradisjonelt vore området til al-Qayn-stammene. På 1800-talet slo mange drusarar seg ned i dei vestlege områda av dalen, og i 1870-åra vart området erobra av Jabal Shammar.[11] 27. mars 1917 tok britiske styrkar to tusen tyrkiske soldatar til fange i wadien.[12]