Voulisméni (gresk Λίμνη Βουλισμένη, Límni Voulisméni) er ein tidlegare innsjø som i dag er forbunde med havet.[1]. Han ligg i sentrum av byen Ájos Nikólaos på Kreta[2] og er sirkelforma med ein diameter på 137 meter og eit djup 67 m.[2]. Dei lokale kallar han berre «innsjøen». Innsjøen er forbunde til havet via ein kanal som vart grave ut i 1870.
I følgje segna skal gudinna Athene ha bada her.[2][1] Kvart år rundt midnatt før den ortodokse påskedagen samlar mange innbyggjarar i byen seg rundt innsjøen for å feire med fyrverkeri.
Ei anna lokal urban legende fortel at innsjøen er botnlaus[3]. Basert på at innbyggjarar merka forstyrringar i overflata på vatnet under jordskjelvet på Santoríni i 1956, meinte mange at det var ein geologisk samanheng mellom dei to stadane, men dette har aldri vorte stadfesta vitskapleg.
Fotnotar
Bakgrunn
Kjelde