Vladimir Trofimenko
|
|
Verkeleg namn |
Владимир Трофименко
|
Statsborgarskap |
Sovjetunionen
|
Fødd |
22. mars 1953 Syzran
|
Død
|
1994 (40 år)
|
Idrett |
friidrett
|
Tok del i
|
1978 European Athletics Championships – men's pole vault
|
Vladimir Trofimenko (22. mars 1953–1994) er ein sovjet-russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Syzran. Han deltok for Sovjetunionen i stavhopp og vart europameister i øvinga i 1978.
Aktiv
Trofimenko presterte sterke 5,37 meter innandørs i 1974. To år seinare vann han sin einaste sovjetiske meistertittel i stavhopp, men fekk ikkje plass i OL-troppen. Under europameisterskapen i friidrett 1978 sigra han med eit hopp på 5,55 meter, framom finnane Antti Kalliomäki og Rauli Pudas. Same sesongen gjorde han sitt livs beste stavhopp då han svinga seg over 5,61 meter.
Året etter fekk ein bronsemedalje i den europeisk hallmeisterskapen med 5,45 meter, slått av Władysław Kozakiewicz frå Polen og sin eigen landsmann, Konstantin Volkov. Same sommaren vart han nummer to i sovjet-meisterschapen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- EM 1978 i Praha: Gullmedalje – 5,55 m, framom Antti Kalliomäki (5,50 m)
Kjelder