Viktor Emmanuel III av Italia (11. november 1869–28. desember 1947) var konge av Italia frå 1900 til 1946.
Han etterfylgde faren Umberto i 1900 som konge av kongeriket Italia. Sonen, kronprins Umberto vart i april 1944 utnemnd til riksforstandar, og 5. juni overlèt han òg pliktene sine til sonen. Viktor Emmanuel abdiserte offisielt i mai 1946 og reiste samstundes frå Italia.
Den 19. september 1891 vart Viktor Emmanuel tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.