Vic Coppersmith-Heaven, fødd Victor Smith i England, er ein engelsk lydteknikar og plateprodusent, mest kjend som produsent for The Jam.
Karriere
Smith arbeidde i platestudio ved Polydor etter han var ferdig på skulen i 1961. I 1967 arbeidde han som lydteknikar på Cat Stevens-albumet Matthew and Son og på The Rolling Stones-albumet Let It Bleed. Smith var lydteknikar på hittar som «Honky Tonk Women» og Joe Cocker sin «With a Little Help from My Friends».[1] Tidleg i 1968 produserte han the Nashville Teens-innspelinga av «All Along the Watchtower», den første coverversjonen av Bob Dylan-songen, og denne vart gjeven ut på singel i Storbritannia og Europa på Decca Records kring eit halvt år før hitversjonen til Jimi Hendrix.[2][3]
Han produerte mange artistar, som Sunforest for Nova, den kortvarige progrock-etiketten til Deram Records i 1969 og Tinkerbells Fairydust.
I midten av 1970-åra arbeidde Smith i det gamle studioet til Polydor i Stratford Place i London, og vart involvert i innspelingane til The Jam.
The Vapors-songen «Turning Japanese», vart produsert av Coppersmith-Heaven og nådde topp 3 på UK Singles Chart, samstundes som The Jam sin «Going Underground» låg på toppen av lista.[4] I September 1980, då «Start!» nådde toppen av den britiske singellista, vart det den andre songen Coppersmith-Heaven produserte som klarte dette.[5]
I 1987 skapte han, produsenten Nick Glennie-Smith og songaren Kenny Young albumet Transmissions[6] under gruppenamnet Gentlemen Without Weapons. Young hadde vore uroa for miljøsaker i fleire år og i 1989 var han med å starte opp ein organisasjon for bevaring av regnskogen, Earth Love Fund, med dei same kollegaene. Same året arbeidde Coppersmith-Heaven med Black Sabbath for andre gongen, og produserte albumet The Eternal Idol. Eit år seinare produserte han ein singel for det Kent-baserte indie-bandet The Claim.
Diskografi
Kjelder