Vestlandsnytt er ei lokalavis i Møre og Romsdal, hovudsakleg for kommunane Herøy og Sande. Avisa kjem vanlegvis ut to gongar i veka (tysdag og fredag).[1]
Avisa vart skipa av Olav Aurvoll i 1935. På midten av 1950-talet tok Frantz G. Frantzen over som eigar og drivar, ei rolle Fred Frantzen vidareførte etter faren sin bortgang tidleg på 70-talet.[1]
Vestlandsnytt vert eigd og drive av Vestlandsnytt AS som i 2017 vart kjøpt opp av Sunnmørsposten.[1] Ansvarleg redaktør er Endre Vorren.[2]
Opplagstal
Utvikling i nettoopplag.[3]
År
|
Nettoopplag
|
2000
|
5 446
|
2001
|
5 451
|
2002
|
5 403
|
2003
|
5 412
|
2004
|
5 419
|
2005
|
5 391
|
2006
|
5 357
|
2007
|
5 393
|
2008
|
5 406
|
2009
|
5 320
|
2010
|
5 228
|
2014
|
4 767
|
Kjelder