Verdscupen i skiskyting 1986 tok til den 16. januar og vart avslutta 16. mars. Turneringa omfatta 10 individuelle tevlingar. Utøvarane tevla i fem 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert fem stafettar over 4 x 7,5 km. Renna fann stad i Antholz i Italia, Feistritz i Austerrike, Oberhof i Aust-Tyskland, Lahti i Finland og Boden i Sverige.
André Sehmisch frå Aust-Tyskland vann verdscupen. På andreplass kom Peter Angerer frå Vest-Tyskland, tredjemann vart austtyske Matthias Jacob. Angerer sigra i tre individuelle tevlingar, Matthias Jacob i to.
Individuelt
Kjelder