Verdscupen i skihopping 2004 omfatta 23 individuelle tevlingar og 2 lagtevlingar. Turneringa tok til med eit storbakkerenn i Kuusamo i Finland den 28. november 2003 og vart avslutta i Holmenkollbakken i Oslo så tidleg som den 14. mars 2004. Dei 23 individuelle tevlingane fordelte seg på 22 i storbakkar og 1 i skiflyging.
Finske Janne Ahonen sikra seg den store FIS-premien, einast 10 poeng over norske Roar Ljøkelsøy. Gjennom sesongen vann Ljøkelsøy 7 enkeltrenn, medan landsmannen Sigurd Pettersen sigra i 4 og Ahonen i 3 renn.
Dei norske hopparane: Roar Ljøkelsøy, Bjørn Einar Romøren, Sigurd Pettersen, Tommy Ingebrigtsen, Lars Bystøl, Morten Solem, Anders Bardal, Henning Stensrud og Olav Magne Dønnem sanka til saman 5 007 poeng og var klart best i kampen om å verte beste landslag. Finland kom på ein like klar andreplass.
Individuelt
Kjelder