Verdscupen i skihopping 1996 omfatta 28 individuelle tevlingar og 4 lagtevlingar. Turneringa tok til med eit normalbakkerenn på Lillehammer den 2. desember 1995 og vart avslutta i Holmenkollbakken i Oslo i Tyskland 16. mars 1996. Dei 28 individuelle tevlingane fordelte seg på 8 i normalbakkar, 19 i storbakkar og 1 i skiflygingsbakke.
Andreas Goldberger frå Austerrike vann den store FIS-premien for tredje gong og andre gong i rad. Like bak på andreplass kom Finlands Ari-Pekka Nikkola. Goldberger sigra i seks enkeltrenn, finske Mika Laitinen i fem. Finland sanka flest poeng av landslaga, Noreg enda som nummer 5.
Individuelt
Kjelder