Verdscupen i skihopping 1991 omfatta 22 tevlingar. Turneringa tok til med eit normalbakkerenn 1. desember 1990 i Lake Placid i USA og vart avslutta i storbakken i Štrbské Pleso den 30. mars 1991. Dei 22 tevlingane fordelte seg på 5 i normalbakkar, 13 i storbakkar og 4 i skiflygingsbakkar. Hopprenna under Ski-VM i Val di Fiemme talde ikkje med i verdscupen.
Andreas Felder frå Austerrike vann FIS-premien med stor margin. Han sigra i sju av dei 22 enkelttevlingane. Austerrike var suverent best av landslaga, der Noreg enda på åttandeplass, nett som sesongen føreåt.
Individuelt
Kjelder