Verdscupen i langrenn for menn i 1987-sesongen omfatta 11 individuelle tevlingar og 6 stafettar. Tevlingane tok til 10. desember 1986 og vart avslutta 21. mars 1987. Dei 9 individuelle renna bestod av fem tevlingar over 15 kilometer, fire over 30 km og to 50-kilometerar. Renna fann stad i Ramsau i Austerrike, Cogne (2) i Italia, Davos (2) i Sveits, Calgary (2) i Canada, Oberstdorf (4) i Vest-Tyskland, Lahti i Finland, Falun (2) i Sverige, Kavgolovo i Sovjetunionen og Oslo (2) i Noreg.
Torgny Mogren frå Sverige vann FIS-pokalen og eitt verdscuprennn. Landmennene Thomas Wassberg og Gunde Svan vann begge to tevlingar og syrgde for trippel svensk i toppen av FIS-turneringa. Thomas Eriksson, også Sverige, sigra i eitt verdscuprenn, det same gjorde Harri Kirvesniemi frå Finland, italienarane Marco Albarello og Maurilio De Zolt, Aleksej Prokurorov frå Sovjetunionen og Pierre Harvey frå Canada.
Individuelt
Kjelder