Verdscupen i langrenn for menn i 1986-sesongen omfatta 9 individuelle tevlingar og 5 stafettar. Tevlingane tok til 8. desember 1985 og vart avslutta 14. mars 1986. Dei 9 indviduelle renna bestod av fire tevlingar over 15 kilometer, tre over 30 km og to 50-kilometerar. Renna fann stad i Labrador City (2) i Canada, Bibawik i USA, La Bresse i Frankrike, Bohinj (2) i Jugoslavia, Oberstdorf (2) i Vest-Tyskland, Kavgolovo i Sovjetunionen, Lahti i Finland, Falun (2) i Sverige og Oslo (2) i Noreg.
Gunde Svan frå Sverige sigra i fem tevlingar og sikra seg for tredje året i rad FIS-pokalen med stor margin. Landmennene Torgny Mogren og Thomas Wassberg vann høvesvis to og eitt verdscuprenn. Også Sovjetunionens Vladimir Smirnov vann eit individuelt renn.
Individuelt
Kjelder