Verdscupen i langrenn for kvinner i 1985-sesongen omfatta 14 tevlingar, av dei 10 individuelle renn og 4 stafettar. Tevlingane tok til 13. desember 1984 og vart avslutta 17. mars 1985. Dei ti individuelle renna bestod av tre tevlingar over 5 kilometer, fem over 10 km og tre 20-kilometerar. Renna fann stad i Val di Sole (2) i Italia, Davos i Sveits, Seefeld (3) i Austerrike, Klingenthal i Aust-Tyskland, Nové Město na Moravě i dåverande Tsjekkoslovakia, Syktyvkar i dåverande Sovjetunionen, Lahti i Finland, Falun (2) i Sverige og Oslo (2) i Noreg.
Fire norske langrennarar toppa verdscuplista ved sesongslutt. Anette Bøe vann FIS-pokalen, på dei neste plassane kom Grete Ingeborg Nykkelmo, Brit Pettersen og Berit Aunli. Bøe sigra i fem tevlingar, Pettersen, Aunli og Nykkelmo i eit renn kvar. Raisa Smetanina frå Sovjetunionen og svenske Marie Risby var dei einaste som vann eit renn utanom dei norske kvinnene.
Individuelt
Kjelder
- Sportsboken 85-86. Sportsboken As. Stavanger 1985.