Verdscupen i langrenn for menn i 1981-sesongen omfatta 10 individuelle tevlingar og 6 stafettar. Tevlingane tok til 13. desember 1980 i og vart avslutta 21. mars 1981 i. Dei ti individuelle renna bestod av sju tevlingar over 15 kilometer, to over 30 km og ein 50-kilometer. Renna fann stad i Davos (2) i Sveits, Ramsau (2) i Austerrike, Kastelruth (2) i Italia, Velingrad i Bulgaria, La Bresse (2) i Frankrike, Kavgolovo i Sovjetunionen, Lahti i Finland, Falun (2) i Sverige, Oslo (2) i Noreg og Whitehorse i Canada.
Aleksandr Zavjalov frå Sovjetunionen fekk FIS-pokalen, men vann berre ei individuell tevling. Norske Oddvar Brå sigra i tre renn og svenske Thomas Wassberg vann to tevlingar, medan Jevgenij Beljajev og Rozalin Bakijev, begge Sovjetunionen, Harri Kirvesniemi frå Finland og nordmannen Ove Aunli vann kvar sitt verdscuprenn.
Individuelt
Kjelder
- Sportsboken 81-82. Dreyer Bok Stavanger. 1981.