Verdscupen i langrenn for kvinner i 1979-sesongen omfatta 9 individuelle tevlingar og 3 stafettar.
Tevlingane tok til 21. desember 1978 i og vart avslutta 17. mars 1979. Dei ni individuelle renna bestod av tre tevlingar over 5 kilometer, fire over 10 km og to 20-kilometerar. Renna fann stad i Telemark (2) i Wisconsin i USA, Furtwangen i Vest-Tyskland, Kavgolovo i Sovjetunionen, Klingenthal i Aust-Tyskland, Le Brassus (2) i Sveits, Falun (2) i Sverige, Lahti (2) i Finland, Oslo i Noreg og i Štrbské Pleso i Tsjekkoslovakia.
Galina Kulakova frå Sovjetunionen sigra i heile fem tevlingar, men vann FIS-pokalen med minst mogleg margin framom landskvinna Raisa Smetanina, som sigra i to renn. Alison Owen-Spencer frå USA og Veronika Schmidt frå Aust-Tyskland vann kvar sitt renn.
Individuelt
Kjelder
- Sportsboken 79-80. Dreyer Bok Stavanger. 1979.