Verdscupen i alpine greiner for kvinner i 2015-sesongen tok til 25. oktober 2014 i Sölden i Austerrike og vart avslutta 22. mars 2015 i Méribel i Frankrike. Turneringa omfatta 33 individuelle renn og ei lagtevling. Dei individuelle tevlingane fordelte seg på 9 slalåmrenn, 7 storslalåmrenn, 7 super-g-renn, 8 utforrenn og ei superkombinasjonstevling. Ingen tevlingar fann stad i Noreg.
Fjorårsvinnar Anna Fenninger frå Austerrike sikra seg den store FIS-premien på ny, etter jamn poengstrid med Tina Maze frå Slovenia. Lindsey Vonn frå USA var tilbake frå skade og tok tredjeplassen i turneringa.
Samanlagt
Slalåm
Storslalåm
Super-g
Utfor
Superkombinasjon
Kjelder