Verdscupen i alpine greiner for menn i 2013-sesongen tok til 28. oktober 2012 i Sölden i Austerrike og vart avslutta 17. mars 2013 i Lenzerheide i Sveits. Turneringa omfatta 34 individuelle tevlingar og ei tevling for lag. Tevlingane fordelte seg på 9 slalåmrenn, 8 storslalåmrenn, 5 super-g-renn, 8 utforrenn, 2 parallellrenn og 2 superkombinasjonstevlingar. Ei lagtevling for menn/kvinner fann stad mot slutten av sesongen.
Marcel Hirscher frå Austerrike vann det største FIS-trofeet for andre året i rad. Norske Aksel Lund Svindal kom på andreplass i turneringa, storslalåm-spesialisten Ted Ligety frå USA var nummer 3.
Samanlagt
Slalåm
Storslalåm
Super-g
Utfor
Superkombinasjon
Kjelder