Verdscupen i alpine greiner for kvinner i 2003-sesongen tok til 26. oktober 2002 i Sölden i Austerrike og vart avslutta 16. mars 2003 i Hafjell i Øyer kommune. Turneringa omfatta 32 renn og 33 tevlingar. Tevlingane fordelte seg på 8 slalåmrenn, 9 storslalåmrenn, 8 super-g-renn, 6 utforrenn og ei kombinasjonstevling, den siste baserte på allereie avvikla enkeltrenn i slalåm og utfor. I tillegg kom eit utslagsrenn i slalåm.
Janica Kostelić frå Kroatia var klart best og triumferte for andre gang i kampen om den største FIS-premien. På andreplass kom Karen Putzer frå Italia, svenske Anja Pärson vart nummer 3.
Samanlagt
Slalåm
Storslalåm
Super-g
Utfor
Kombinasjon
Kjelder