Verdscupen i alpine greiner for kvinner i 2000-sesongen tok til 30. oktober 1999 i Tignes i Frankrike og vart avslutta 19. mars 2000 i Bormio i Italia. Turneringa omfatta 39 renn og 40 tevlingar. Tevlingane fordelte seg på 10 slalåmrenn, 11 storslalåmrenn, 8 super-g-renn, 10 utforrenn og ei kombinasjonstevling, den siste baserte på allereie avvikla enkeltrenn i slalåm og utfor.
Renate Götschl frå Austerrike sikra seg den store FIS-premien som vinnar av verdscupen i alpine greiner 2000. På ein klar andreplass kom landskvinna Michaela Dorfmeister, Régine Cavagnoud frå Frankrike vart nummer 3.
Samanlagt
Slalåm
Storslalåm
Super-g
Utfor
Kombinasjon
Kjelder