Verdscupen i alpine greiner for menn i 1998-sesongen tok til 24. oktober 1997 i Tignes i Frankrike og vart avslutta 15. mars 1998 i Crans-Montana i Sveits. Turneringa omfatta 35 renn og 37 tevlingar. Tevlingane fordelte seg på 9 slalåmrenn, 9 storslalåmrenn, 5 super-g-renn, 11 utforrenn, 1 parallellrenn og 2 kombinasjonstevlingar, dei siste baserte på allereie avvikla enkeltrenn i slalåm og utfor.
Austerrikaren Hermann Maier vart ein suveren vinnar av turneringa. På dei neste plassane kom landsmennene hans, Andreas Schifferer og Stephan Eberharter, medan norske Kjetil Andre Aamodt kom på fjerdeplassen.
Samanlagt
Slalåm
Storslalåm
Super-g
Utfor
Kombinasjon
Kjelder