Verdscupen i alpine greiner for menn i 1993-sesongen tok til 28. november 1992 i Sestriere i Italia og vart avslutta 28. mars 1993 i Åre i Sverige. Turneringa omfatta 31 renn og 34 tevlingar. Tevlingane fordelte seg på 8 slalåmrenn, 6 storslalåmrenn, 7 super-g-renn, 10 utforrenn og tre kombinasjonstevlingar, dei siste baserte på allereie avvikla enkeltrenn i slalåm og utfor.
Marc Girardelli frå Luxembourg vann den største FIS-premien for femte og siste gong. Han sigra takk vere kombinasjonsøvinga med ein liten margin til norske Kjetil Andre Aamodt. Franz Heinzer frå Sveits kneip tredjeplassen, langt etter dei to i toppen.
Samanlagt
Slalåm
Storslalåm
Super-g
Utfor
Kombinasjon
Kjelder