Verdscupen i alpine greiner for kvinner i 1990-sesongen tok til 8. august 1989 i Las Leñas i Argentina og vart avslutta 18. mars 1990 i Åre i Sverige. Turneringa omfatta 31 renn og 33 tevlingar. Tevlingane fordelte seg på 9 slalåmrenn, 8 storslalåmrenn, 6 super-g-renn, 8 utforrenn og to kombinasjonstevlingar, dei siste baserte på allereie avvikla enkeltrenn i slalåm og utfor.
Petra Kronberger frå Austerrike vann striden om den store FIS-premien, framom landskvinna
Anita Wachter. Tredjeplassen i turneringa tok Michaela Gerg frå Vest-Tyskland.
Samanlagt
Slalåm
Storslalåm
Super-g
Utfor
Kombinasjon
Kjelder