Verdscupen i alpine greiner for kvinner i 1979-sesongen tok til 9. desember 1978 i Piancavallo i Italia og vart avslutta 20. mars 1979 i Furano i Japan. Turneringa omfatta 22 renn og 26 tevlingar. Tevlingane fordelte seg på 8 slalåmrenn, 7 storslalåmrenn, 7 utforrenn og 4 kombinasjonstevlingar, dei siste baserte på allereie avvikla enkeltrenn.
Annemarie Moser-Pröll frå Austerrike kneip FIS-premien som beste poengplukkar i verdscuptevlingane framom Hanni Wenzel frå Liechtenstein. Irene Epple frå Vest-Tyskland vart nummer tre.
Samanlagt
Slalåm
Storslalåm
Utfor
Kjelder