Verdscupen i alpine greiner for kvinner i 1975-sesongen tok til 4. desember 1974 i Val-d’Isère i Frankrike og vart avslutta 25. mars 1975 i Gherdëina i Italia. Turneringa omfatta 23 renn og 26 tevlingar. Tevlingane fordelte seg på 7 slalåmrenn, 7 storslalåmrenn, 8 utforrenn, 1 parallellrenn og 3 kombinasjonstevlingar, dei siste baserte på allereie avvikla enkeltrenn.
Annemarie Moser-Pröll frå Austerrike var i ei klasse for seg og vann verdscupen på suverent vis. Hanni Wenzel frå Liechtenstein vart nummer 2 og Rosi Mittermaier frå Vest-Tyskland nummer 3.
Samanlagt
Slalåm
Storslalåm
Utfor
Kjelder