Venceslaus Ulricus Hammershaimb (25. mars1819–8. april1909), òg kjend som V. U. Hammershaimb eller Venzel Hammershaimb, var ein færøysk prest og filolog. Hammershaimb vert rekna som grunnleggjar av det noverande færøyske skriftspråket. Han ferda rundt på Færøyane og samla inn munnlege kvad og soger, dette vart grunnlaget for det moderne færøyske språket.[1] Slik kan han liknast med Ivar Aasen.
Bakgrunn
Hammershaimb var av tysk ætt på farssida, men voks opp på Færøyane og kjende seg som færøying. Han vart utdanna som teolog i København der han vart kjend med den danske presten og filosofen Grundtvig, men busette seg på Færøyane i 1855, der han var prest på Streymoy. Heile tida interesserte han seg for, og studerte, dei ulike dialektane av morsmålet sitt, færøysk. Han vart prost på Færøyane i 1867, og var på Lagtinget i tre periodar. Han budde med kona i Danmark frå 1878 til han døydde i København i 1909.
Lingvistisk arbeid
I 1846 gav Hammershaimb ut ei bok om færøisk ortographie eller rettskriving. Denne boka har vore gjeldande for færøysk språkføring opp til vår tid. Skriftspråket la han sterkt opp til det norrøne utgangspunktet. Til slutt vart det eit kompromiss, som er akseptabelt for alle dei færøyske dialektane. I tillegg ligg ikkje skriftspråket alt for fjernt frå gamle tekstar, og andre nordiske språk.
Verk
1848: Meddelelser fra en rejse på Færøerne 1847–48
Gerson - H. Hansen: Dansk Biografisk Lexikon, Bd. IV, Gyldendalske Boghandels Forlag, København 1892 [1], Artikkel om Hammershaimb: https://runeberg.org/dbl/6/0550.html
W.B. Lockwood: An Introduction to Modern Faroese, Føroya Skúlabókagrunnur, Tórshavn 1977 (Einleitung), 4. Auflage 2002 [2]