Velferdstinget Vest, tidlegare Velferdstinget i Bergen, er det øvste studentorganet i Studentsamskipnaden på Vestlandet (Sammen), tidlegare Studentsamskipnaden i Bergen (SiB). Det er ei samanslutning mellom studentdemokratia til alle utdanningsinstitusjonane som er tilknytte samskipnaden. Til saman sit det 31 representantar i Velferdstinget.[1] Velferdstinget i Bergen vart stifta 7. oktober 1997.[2]
Føremål
Føremålet er å gje studentane i Haugesund, Stord, Bergen, Sogndal og Førde ei felles røyst andsynes Sammen og andre aktørar i studentvelferdssaker.
Velferdstinget avgjer fordelinga av den delen av semesteravgifta som primært går til studentkultur, studentmedia og studentidrett. I tillegg vel Velferdstinget halvparten av styremedlemma i Sammen, inkludert leiar som har dobbeltstemme. Velferdstinget vel òg studentrepresentantar til alle andre råd og utval i Sammen.[3]
Representasjon
Dei lokale studentdemokratia tilknytte SiB avgjer sjølve kven som skal representere dei i Velferdstinget. Talet på representantar frå kvart studentdemokrati avgjerast av studenttalet.
Noverande representasjon, sortert etter storleik og mandat[1]:
Alle studentar tilknytte Sammen har møte-, tale- og forslagsrett i Velferdstinget, og kan stille til alle verv som Velferdstinget vel til.
Utøvande organ
Velferdstinget sitt arbeidsutval (VT-AU) er Velferdstinget sitt utøvande organ. [4]. Kulturstyret er Velferdstinget sitt utøvande organ i kultursaker.[5] Budsjettkomitéen er Velferdstinget sitt organ for søknadshandsaming og innstiller på fordeling av semesteravgifta kvart år.
Leiarar
Velferdstinget har hatt fylgjande leiarar
2017: Mia Milde
2016-2017: Sverre Hartveit
2015-2016: Linnea Reitan Jensen
2014: Tor Sivertsen Prestegard
2013: Anna Gjertsen
2011-2012: Audun Kjørstad
2010: Bjørn-Anders Hind
2009: Katrine Sirnes Hjellum
2008: Erlend Sleire
2007:
2006: Mari Helen Varøy
2005: Erik Sandquist
2004:
2002-2003: Aimar Akholt
2001:
2000: Arild E. Helgøy
1999: Sveinung Fjose
1998: Kjetil Torpp
1997: Ingen leiarkandidat ved konstituerande møte i desember
Referansar
Bakgrunnsstoff