Vaxholm er ein by og kommunesenter i Vaxholm kommun i Stockholms län i Sverige . Han ligg i Stockholms skjergard . Namnet Vaxholm kjem frå Vaxholm slott , som vart bygt i 1549 på ein holme ved innløpet til Stockholm av kong Gustav Vasa .
Av historiske årsaker har Vaxholm alltid vorte kalla ein «stad» (by), trass i at han har hatt få innbyggjarar. I 2010 budde det 4857 innbyggjarar her. Vaxholm kommun vert derfor ofte kalla Vaxholms stad og omfattar 64 holmar i skjergarden.
Historie
Vaxholm slott (Kastellet).
Byen Vaxholm vart grunnlagd i 1558, då kong Gustav Vasa kjøpte nokre gardar her frå grev Per Brahe den eldre . Han fekk seinare rettar som kjøpstad (köping ) og i 1652 fekk han kongeleg privilegium .
På 1800-talet voks byen lite. I 1880-åra vart han ein populær kurstad og det vart bygd mange sommarhus her av folk frå Stockholm .
Det var først i 1912 at ein tillegg husa i byen å verte bygd frå andre material enn tre, noko som har gjeve byen ein særeigen utsjånad.
Galleri
Panorama
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Vaxholm
7