Vara er ei elv i Liguria i Italia som renn gjennom Varese Ligure, Brugnato, Borghetto di Vara og Castiglione di Vara. Med ei lengd på 58 km er ho den lengste elva i Liguria. Hovudkjelda hennar ligg i Monte Zatta og ho renn stort sett søraustover, parallelt til Riviera di levante i ein dal med same namn, Val di Vara. Elva munnar ut i Magra frå høgre ved Fornola i kommunen Santo Stefano di Magra.
Kjelder