Vanda-elva (svensk Vanda å, finsk Vantaanjoki) er ei elv i Södra Finlands län. Ho blei tidlegare kalla Helsingeån, etter Helsinge sokn. Vanda er ein by i landskapet Nyland.
Fossar mellan Vanda og Helsingfors er Långfossen, Nackbölefossen og Grotens fors. I Helsigfors ligg Lillfossen og Gammelstadfossen. Sistnemnde har gjeve nammn til byen Helsingfors. I Vanda ligg Vandafossen. Fossar i Hyvinge er Vanhanmyllynkoski, Vakkurinkoski, Koskipirtinvirta, Åvikinkoski og Kittelänkosket.
Vanda-elva blei tidlegare brukt som drikkevasstilførsel i hovudstadsregionen i Finland fram til 1982, då ein tok i bruk Päijännetunnelen. Ein kan framleis bruka elvevatnet ved reparsjonsarbeid i tunnellen.
På 1700-talet låg det flere sagbruk langs elva. Frå 1960-åra byrja ein setja ut fisk i elva, og i 1984 blei det bygd ei laksetrapp her. Ho er no mykje brukt av fritidsfiskarar.