Valdres alpinsenter er eit skisenter som ligg i Aurdal i Nord-Aurdal kommune i Valdres. Anlegget har 4 skiheisar, 11 preparerte nedfartar med ulik vanskegrad, terrengpark, barneanlegg og gode moglegheiter for køyring off-piste. Ved anlegget blir det stundom arrangert konkurransar i alpint og telemark.[1]
Skiområdet ved skisenteret strekker seg frå 700 til 1060 moh. Barneområdet har to barneheisar, eitt tallerkentrekk og eitt betletrekk. Ved innkøyrselen og parkeringsplassen er det skikro og utleige av ski.[2] Valdres alpinsenter opna for fyrste gong i 1985.[treng kjelde]
Kjelder
Bakgrunnsstoff