Historia til garden kan sporast attende til vikingtida. I dag har garden 13 hus frå 1600-, 1700- og 1800-talet, og gardstunet er freda. Garden har variert verksemd med overnatting og servering samt økologisk gardsdrift med geitehald og produksjon av mellom anna ost og spekepølse. Gardsbutikken sel lokalt handverk i tillegg til mat. Vertskapet er medlem av ei rekkje organisasjonar for gardsturisme og kulturarv.