På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. Når det gjeld Utvær tinglag gjekk det derimot i hi retninga: 1888 vart dei delar av tinglaget som høyrde til Vilnes sokn i Askvoll kommune og Øn sokn i Hyllestad kommune overførte til Solund sokn i Utvær kommune, slik at kommunen fekk same grenser som tinglaget. 1890 vart namnet Utvær skifta til Solund (før 1923 skrive Sulen) på både kommune og tinglag.[2][3]