University of Nevada, Reno (òg kalla University of Nevada, UNR eller berre Nevada) er eit utdannings- og forskingsuniversitet skipa i 1874 i Reno i Nevada i USA. It is the land grant institution for the state of Nevada.
På universitetsområdet ligg dei store laboratoriet til College of Engineering, som har gjort forskarar frå Nevada til dei fremste i landet innan ingeniørvitskap, og testing og modellering av korleis store bygg kan stå imot jordskjelv. Nevada Terawatt Facility, ligg i utkanten av universitetsområdet og har ein Z-pinch-maskin og høgintensitets laser i terawatt-klassen. University of Nevada School of Medicine har område både i Las Vegas og Reno, og eit helsenettverk som strekkjer seg over det meste av landsbygda i Nevada. Her ligg òg Donald W. Reynolds School of Journalism, der seks Pulitzerprisvinnarar har gått.[1]
University of Nevada, Reno er rangert på 181. plass av dei nasjonale universiteta i USA.[2] Internasjonalt er det rangert blant dei 500 beste universiteta i verda.[3]
Det er gjeve utdanning opp til doktorgradsnivå
Kjelder
Bakgrunnsstoff