Ullswater er den nest største innsjøen i Lake District i England, og er om lag 12 km lang og 1 km brei. På det djupaste er han kring 60 meter.
Innsjøen er skapt av isbrear under den siste istida. Fjella kring Ullswater formar innsjøen som ein lang 'Z' som delar innsjøen i tre delar.
Opphavet til namnet «Ullswater» er uklårt. Somme meiner det kjem frå namnet på ein norsk høvding, Ulf, som styrte over området,[2] men det var òg ein gong ein saksisk lord av Greystoke kalla Ulphus ved innsjøen.[3]
Landsbyen Glenridding ligg ved sørenden av innsjøen, og frå her går mange fotturistar forbi innsjøen på veg til fjella i området, mellom anna det tredje høgaste i England, Helvellyn. Landsbyen Pooley Bridge ligg heilt nord ved innsjøen. Det går fleire båtar på vatnet mellom landsbyane. Det er òg populært å segle på vatnet.
Donald Campbell sette verdsrekorden for høgast fart på vatn på Ullswater den 23. juli 1955, då han fekk vassflyet Bluebird K7 opp i ein fart på 325,53 km/h.
Galleri
SS «Lady On the Lake» går ut frå Glenridding
Ein av båtane går ut frå Howtown på veg til Pooley Bridge.