Ugbad Mustafa Yusuf Noor[1] (fødd 9. mars 2001 i Oslo) er ein norsk rappar og songar, kjend under artistnamnet Musti eller Mu$ti.
Musti vart kåra til årets nykommar under P3 Gull 2020 for debutalbumet Qoyskayga (somali for 'min familie') og EP-en Mellom høyblokkene som vart utgjeven same året. Ho vann to prisar under Spellemannprisen 2020: klassa hiphop for albumet Qoyskayga og klassa årets gjennombrot med Gramostipend.[2] I tillegg var Musti nominert i klassa årets tekstforfattar for Qoyskayga. Ho fekk Oslo bys kunstnerpris for 2020[3] og vart nominert til Bendiksenprisen som vert delt ut av GramArt og Kulturdepartementet i 2021 og til Nordic Music Prize i 2021 for Qoyskayga.[4][5][6]
Musti har somaliske foreldre og er oppvaksen på Tøyen i Oslo, Milton Keynes nord for London og i Somalia. Ho har fem brør og to systrer.[7][1]
Diskografi
Studioalbum
EP-ar
- Mellom høyblokkene (2020)
Singlar
- «Gro Harlem Brundtland» (2020)
- «On the low» (2020)
Referansar