USS «Gerald R. Ford» er eit hangarskip i marinen til USA. Det har namn etter den amerikanske presidenten Gerald R. Ford, og er det første skipet i Gerald R. Ford-klassen. Skipet vart sett i teneste 22. juli 2017.[2]
Historie
I april 2018 vart skipet testa til sjøs, før det skulle til verftet i Newport News for post-shakedown availability/selected restricted availability (PSA/SRA).[3])
Den 11. mai 2018 meldte Naval Sea Systems Command (NAVSEA) at kontrakten for å utføra post-shakedown availability (PSA) / selected restricted availability (SRA), vart tildelt konsernet Huntington Ingalls, og arbeidet skulle vare til midten av 2019.[4][5]
Kjelder