Luftskipet var utstyrt med hangar for fire Curtiss F9C Sparrowhawkjagarfly og ein trapésanordning som flya hekta seg på under innhenting. Sjølv om flya var klassifisert som jagarfly var den primære rolla rekognosering, og luftskipet vart først og fremst sett på som eit langtrekkande rekognoseringsplattform.
USS «Akron» gjekk tapt med 73 av mannskapet under ein storm natt til den 4. april1933.