Finalen i UEFA-cupen i fotball 2008 fann stad på City of Manchester Stadium i Manchester 14. mai 2008 framfor 43 878 tilskodarar. Oppgjeret stod mellom russiske FK Zenit frå St. Petersburg og skotske Rangers FC frå Glasgow. FK Zenit sikra seg sin fyrste UEFA-pokal med 2 mål mot 0.
Kampen
Publikum måtte vente til det 72. minutt før den fyrste skåringa kom, Igor Denisov vart då spelt gjennom midtforsvaret til Rangers og frå 12-14 meters hald plasserte ballen trygt til sides for målvakta i nettet. Langt ut i plusstida la Konstantin Zyrjanov på til 2-0 frå 2 meters hald.
Rangers mønstra Neil Alexander, Kirk Broadfoot, David Weir, Carlos Cuéllar, Saša Papac, Steven Whittaker, Barry Ferguson (kaptein), Brahim Hemdani, Kevin Thomson, Steven Davis, Jean-Claude Darcheville, Nacho Novo, Lee McCulloch, Kris Boyd.