Two Sides to Every Story er eit studioalbum frå 1977 av den amerikanskesongar-låtskrivarenGene Clark. Albumet var det første Clark gav ut sidan No Other i 1974. Dei mest kjende songane på albumet er «In the Pines» (tradisjonell), «Kansas City Southern» og «Hear the Wind», begge skrivne av Clark, og «Give My Love to Marie», ein song skriven av James Talley som fortel soga om ein døyande kolgruvearbeidar.
Musikkritikaren Matthew Greenwald skreiv for Allmusic at «materialet er ujamt, særleg når Clark prøver å rocke på. Men musa til Clark hjelper han til stadig sjølv under pinlege forhold, og Two Sides har fleire glimrande augneblink. Sjølv om dette er langt unna eit meisterverk er det likevel tydeleg arbeid frå ein meisterleg songar og låtskrivar, og dei beste augneblinka her er rett og slett magiske.»[1] Hal Horowitz i American Songwriter skreiv «Det er lågmælt, men likevel herleg direkte som stundom rockar og syner den deilige underdrivne vokalen til Clark.»[2]
Nyutgjeving
Tidleg i 2013 kom albumet ut med nymastra lyd på vinyl. Utgåva kom med eit kort for nedlasting av bonusspor. Våren 2014 kom den same utgåva ut på CD.[9]
Innhald
Alle songar av Gene Clark; utanom der andre er nemnde.
↑Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. p. 186. ISBN1-57859-061-2.