I Storbritannia vart dette den første utgjevinga (BTM 1000) på selskapet til Miles Copeland, BTM Records (British Talent Managers). I 1977, etter å ha gjeve ut i alt ti album, inkludert to til av Renaissance (BTM 1006: Scheherazade and Other Stories og den doble, BTM 2001, Live at Carnegie Hall), gjekk selskapet konkurs.[3]
Plateomslaget syner ei hand med tarotkort føre Warwick Castle. Den første utgåva til BTM UK hadde eit anna omslag, med eit portrett av Annie Haslam i eit av korta. Seinare utgåver, og i USA, vart det nytta eit omslag der portretta til dei andre i bandet òg var med på korta.
«Things I Don't Understand» var den siste songen Jim McCarty, opphavleg medlem i bandet, skreiv for bandet. «Running Hard» siterer ein melodi først nytta på «Mr. Pine» frå albumet Illusion, i tillegg til stykket «Litanies» av den franske komponisten Jehan Alain. Musikken til «Cold Is Being» er henta heilt frå «Adagio i g-moll» (tilskriven Tomaso Albinoni, men i røynda komponert av Remo Giazotto) og vart i motsetnad til det som står i omslaget, ikkje komponert av Michael Dunford.[4] Jon Camp har sagt at «Mother Russia» var ein av songane han bidrog mykje til, utan å bli tilskriven for det.[5]
Innhald
Alle spor skrivne av Michael Dunford and Betty Thatcher, utanom der andre er nemnde
Side ein
Nr.
Tittel
Låtskrivar(ar)
Lengd
1.
«Running Hard»
Dunford, Thatcher, med intro frå «Litanies» av Jehan Alain.