Europameisterskapen 1996 i turn for kvinner, den 21. i sitt slag, vart avvikla i Birmingham 16. til 19. mai. Utøvarar frå 26 ulike land deltok i meisterskapen. 24 utøvarar frå 16 land fekk delta i mangekampen.
Lilija Podkopajeva frå Ukraina vart europameister i mangekamp. Ho vann også gullmedalje i frittståande og i skranke. I frittståande kom ho på delt fyrsteplass med rumenske Lavinia Miloșovici, i skranke med russiske Svetlana Khorkina og rumenske Simona Amânar. Amânar vann i tillegg gullmedaljen i hopp-øvinga. Rozalia Galijeva frå Russland vart europameister på bom. Romania sigra i lagtevlinga.
Kvinner
Mangekamp
Bom
Frittståande
Hopp
Skranke
Lagkamp
Kjelder