Trosvik Verksted A/S var eit skipsverft i Brevik, skipa av Ola Jacobsen (fødd 1881 i Larvik).
Historie
Trosvik Verksted vart skipa av Ola Jacobsen i 1916 under namnet Trosvik Slip & Verksted. I 1918 vart verkstaden selt til eit konsortium, og gjekk så over til eit å bli eit aksjeselskap kalla Trosvik mekaniske Verksted A/S. I 1925 vart det overteke av eit familieselskap og kalla Trosvik Verksted A/S, der familien Jacobsen eigde alle aksjane og Ola Jacobsen var direktør.
Kring 1950 hadde føretaket vokse til å bli ein moderne verkstad og dekka eit område på 16 mål. Etter andre verdskrigen fekk verftet moderne utstyr og ein verkstadhall på kring 1 000 kvadratmeter. Verkstaden hadde ein bedding for bygging av skip på 2 000 daudvekttonn og ein opphalingsslipp for båtar på opp til 250 daudvekttonn.
Trosvik Verksted var det første verftet i landet som hadde elektrisk sveising i 1921. I 1941 kjøpte verkstaden eit røntgenapparat for å undersøke sveisa stålkonstruksjonar.
Kring 1950 var det kring 250 mann tilsette i bedrifta.
Etter 1983 hadde verkstaden store tap og våren 1986 gjekk det konkurs. Seinare etablerte Aker Brevik seg på det gamle verftsområdet.
Skip bygde ved Trosvik Verksted A/S
- MS «Union VI»
- DS «Bois», 1 250 tdw. overteke av Det Bergenske Dampskipsselskap under namnet DS «Ara».
- MS «Granit», 830 tdw, overteke av Det Bergenske Dampskipsselskap under namnet «Columbia».
- DS «Hill», 2 050 tdw, for Stavanger Støperi og Dok, seinare hos Fred Olsen & Co.
- MT «Mil», tankbåt kjøpt av Norsk Brændselolje A/S.
- DS «Mosken», 490 brt. passasjerbåt for Det Vesterålske Dampskibsselskab.
- MS «Uranus», 1 100 dwt
- MS «Tellus», for Det Bergenske Dampskibsselskab.
- MS «Yankee V», muldringsfartøy for A.S Høyer-Ellefsen.
- DS «Tinnfos» kombinert slepebåt og isbrytar for Tinfos Papirfabrik.
- DS «Sagafoss» for Tinfos Papirfabrik.
- MS «Hornøy», passasjerbåt for Finnmark Fylkesrederi.
I tillegg til disse skipa bygde verkstaden lekterar og spesialfartøy, som kranfartøy, oljeriggar og ferjene i ruta Brevik-Stathelle. I tillegg dreiv verkstaden reperasjonar av skip.
Annan produksjon
Verftet leverte etter kvart olje- og bensintankar frå 500 liter til 10 millionar liter, gruvevogner og kjemisk apparatur i både syrefast stål, kopar og vanleg stål.
Arkiv
Arkivet etter Trosvik Verksted er ordna ved Telemark Museum.
Kjelder