Tribute to the American Duck er det sjuande albumet til bluegrassgruppa The Dillards . Det kom ut eit år etter Roots and Branches med same besetning og ein liknande stil. Billy Ray Latham spelte elektrisk gitar på «Caney Creek», som har ein tydleg folkrockstil . Songen «Dooley» var ei nyinnspeling for albumet, som dei opphavleg gav ut på debutplata Back Porch Bluegrass .
Mitch Jayne tok igjen ei rolle i bakgrunnen på dette albumet, og rolla hans som bassist vart overleten til to andre bassistar. Han skreiv derimot fleire songar enn han hadde gjort på Roots and Branches , og song for første gongen solovokal på ein song, avslutningssporet «What's Time to a Hog?» Kona til Rodney Dillard , Linda Dillard, song for første gongen korvokal på eit The Dillards-album og var medlåtskrivar på «Carry Me Off» i lag med Rodney og Jayne.
Innhald
Side ein Tittel Låtskrivar(ar) 1. «Music is Music» Rodney Dillard, Mitch Jayne 3:14 2. «Caney Creek» I. Alexander 2:30 3. «Dooley» Rodney Dillard, Mitch Jayne 2:00 4. «Love has Gone Away» Rodney Dillard, Mitch Jayne 3:28 5. «You've Gotta Be Strong» Jerry La Mirand 4:00
Side to Tittel Låtskrivar(ar) 6. «Carry Me Off» Linda Dillard, Rodney Dillard, Mitch Jayne 3:50 7. «Smile for Me» Gary Itri 3:50 8. «Hot Rod Banjo» B. Clifford, J. H. Burnett, P. Potash 2:50 9. «Daddy was a Mover» Rodney Dillard, Mitch Jayne 3:24 10. «What's Time to a Hog?» Dean Webb, Mitch Jayne 2:12
Medverkande
Rodney Dillard: solovokal, gitar, dobro
Billy Ray Latham: gitar, banjo, dobro
Dean Webb: mandolin
Mitch Jayne: solovokal på «What's Time to a Hog?»
John Hartford : fele
Paul York, John Raines, Don Gallese: trommer og perkusjon
Linda Dillard: korvokal
Colin Cameron, Gary Itri: bass
Irv Dugan: gitar, turnémanager
Andrew Belling: klaverinstrument
Buck Graves: dobro
Produsert av Rodney Dillard
Kjelder
Rodney Dillard
Beverly Cotten-Dillard
Shane Lail
Jim Glaspy
George Giddens
Studioalbum Konsertalbum