Torvikbukt er ein tettstad i Gjemnes kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg ved Bergsøyfjorden, sør for munningen av Batnfjorden og har 265 innbyggjarar per 1. januar 2023.
I Torvikbukt ligg maling- og lakkfabrikken Gjøco AS, den største industribedrifta i Gjemnes. Her ligg også Høgtun folkehøgskole, ein kristeleg folkehøgskule med omkring 95 elevar i året.[1] Tettstaden har ein privat barneskule, Torvikbukt skule. Denne skulen vart etablert i 2009 etter at den offentlege Torvik skole vart lagt ned. Torvikbukt skule leiger dei gamle lokala til Torvik skole av kommunen.
Torvikbukt har daglegvarebutikk, småbåthamn, idrettsanlegg og barnehage. Tettstaden ligg attmed fylkesveg 666, som går mellom Batnfjordsøra og Eidsvåg.
Bilete frå Torvikbukt
Kjelder