Torkel Ravndal (14. oktober 1936–14. september 2004) var ein styrkeløftar frå Jæren som ei tid var kjend som «Europas sterkaste mann».
Karriere
Ravndal starta på ein karriere som styrkeløftar, og sette tidleg på 1970-talet verdsrekord i markløft. Til OL i 1972 vart han ikkje med, men starta i staden å reisa rundt som muskelmann. Han imponerte med å løfta for eksempel bilvrak og fleire menneske på ei jernstong. Etter kvart vart han ein kjendis det gjekk mange historier om. Mellom anna vart det sagt at han spesielt likte å løfta kvinner og jenter.
Ravndal voks opp på Figgjo i Sandnes kommune i Rogaland. Han døydde på Bryneheimen sjukeheim.
Bakgrunnsstoff