Toril Marie Øie (fødd 17. juli 1960 i Oslo) er ein norsk jurist som vart høgsterettsjustitiarius den 1. mars 2016.[1] Øie er den første kvinna i stillinga.[2]
Øie tok juridisk embetseksamen i 1986. Ho arbeidde i Justisdepartementets lovavdeling frå 1986 til ho tiltredde som høgsterettsdommar 15. august 2004, avbrote av ein periode som dommarfullmektig ved Strømmen sorenskrivarembete i perioden 1988 til 1990.[3]
Kjelder