Torgeir Bjørn (fødd 9. mars 1964) er ein norsk tidlegare langrennslaupar og seinare sportskommentator, fødd i Alvdal.[1] Han vart norsk meister i 3 x 10 km stafett med Bjerke IL i 1989 og 1990, samt med Nannestad SK i 1993. Individuelt vart han ikkje betre enn nummer 4 i noregsmeisterskap, noko han vart fem gonngar. Faren, Kristian Bjørn, var og ein merittert skilaupar med mellom anna bronse på 4x10 km stafett i VM på ski i 1950 i Lake Placid.
Langrennar
Torgeir Bjørn vart norsk juniormeister på 15 km i 1983 – saman med syskjenbarnet Jan Erik Bjørn vart det dobbeltsiger. Torgeir Bjørn var på landslaget i fleire år og gjekk inn til ellevteplass på 50 km fristil i OL i Calgary i 1988. I sin beste sesong, 1990-sesongen, kom han på 16. plass i verdscupen i langrenn.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
Sportskommentator
Frå midten av 1990-talet har Bjørn vore sportskommentator for NRK både på TV og i radio.[2] I hovudsak kommenterer han langrenn, men også skiskyting.
Langrennstrenar
Etter 10 års samarbeid med trenaren Roger Grubben, innleidde skiskyttaren Ole Einar Bjørndalen i 2010 eit samarbeid med Torgeir Bjørn som hovudtrenar.[3]
Kjelder