Tor Marius Gromstad (8. juli 1989–12. mai 2012) var ein norsk fotballspelar for Stabæk frå Arendal.
Biografi
Gromstad kom til Stabæk frå FK Arendal i 2007, der han spelte midtbane og overtok draktnummer 16 etter Christian Holter. Han spelte på laget då Stabæk vart seriemeistrar i 2008, og har blitt i klubben sidan.
Gromstad vart meld sakna den 13. mai.[1] Han vart sist sett i live i bustaden til broren ved Bislett Stadion.[2] Det vart igangsett store leiteaksjonar i heile Oslo med hjelp frå frivillige, drosjesjåførar, ungdommar frå Arendal og overvakningskamera.[3] Til sist vart han funnen død av arbeidarar på ein byggjeplass i Oslo Sentrum. Dødsårsaka var ei fallulukke, og politiet mistenkte ikkje noko kriminelt bak dødsfallet.[2][4]
Fotnotar