Toppserien 2015 var den 29. sesongen av den øvste divisjonen for norsk kvinnefotball. LSK Kvinner vann serien framanfor Avaldsnes og Røa. Dette var LSK Kvinners tredje seriemeisterskap etter 2012 og 2014. Avaldsnes tok medalje for fyrste gang, medan Røa tok sin fyrste medalje sidan 2011. Stabæk blei utan medalje for fyrste gang sidan dei debuterte i Toppserien i 2009.
Amazon Grimstad rykka ned med 15 poeng etter at dei fekk eitt poengs trekk etter at dei ikkje nådde sine delmål i NFFs økonimiske handlingsplan. Medkila gjekk videre til kvalifisering mot Grand Bodø.